Eg er ingen stor fan av alpakka, men eg har ein del årgangsalpakka frå Dale (norskprodusert) liggande i garnlageret. Litt av det er no omgjort til ein Ludviggenser. Oppskrifta fann eg i Klompelompeboka.
Fargane er koksgrå, lys grå og blass gul. Eg synest det vart ein ok kombinasjon!
Genseren er strikka på pinnar 2,5/3,5 i str 6 år. Oppskrifta er enkel, godt forklart og lett å følgje. Og eg elskar genserar med rundfelling.
Det er alltid utfordrande å få jamn mønsterstrikk med alpakka, men etter litt forsiktig damping vart det ikkje så verst, gitt.