23. juli 2016

Kaldfarging

"Mamma, kvifor kjøper du ikkje berre gult og oransje garn????" Husets yngste følgde nøye med då eg for første gong skulle prøve å kaldfarge garn.  Tja, kvifor kjøper eg ikkje berre garn i dei fargane eg vil ha, i staden for å bale med glas, garnhesper, påfyling av vatn og 2-3 veker ventetid?  Kanskje fordi det er spennande å sjå kva fargar ein kan trylle fram berre ved hjelp av enkle metodar?  I glaset til venstre er det ca 50 gram totråds merinoull frå Nøstebarn som godgjer seg saman med rikelege mengder gurkemeie. I glaset til høgre er det 50 gram finull frå Rauma som er saman med ein god dose paprikapulver. (For ordens skuld: såpeskummet har ingen ting med kaldfarginga å gjere- det er gutungen som vaskar altanen.)
Etter tre veker såg det tidlegare kvite garnet slik ut. Paprikapulver til venstre, gurkemeie til høgre.
Gurkemeiegarnet vart melert i alle slags gule nyansar.  Kanskje resultatet hadde vorte jamnare viss eg hadde slått til med endå meir gurkemeie?   Uansett: Det skal verte artig å strikke av dette garnet!
Æææ, paprikapulvergarnet vart ganske jamt farga. Ein slags blass oransjefarge. Usikker på om at synest det vart så veldig fint, men eg skal nok finne ein måte å bruke dette på også.
Her viser dei gule nyansane litt betre.  Mykje av inspirasjonen har eg henta frå bloggen til Monstermønster, som har skrive om kaldfarging både her og her.  Også i denne bloggen finst det mange gode tips.    Min spede kaldfargingsstart gav i alle fall meirsmak: no skal eg prøve reinfann, rødbete og blåbær.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar