27. desember 2013

Villsauene på Runde nr 2

Den andre versjonen av Villsauene på Runde måtte sjølvsagt også fotograferast med fugleøya Runde i bakgrunnen! 
Jakka er strikka av Baby Merino frå Drops (botnfagen), og restegarn (stort sett totråds ull) i rosa- og lillatonar.  Heile jakka er strikka på pinnar nr 3 og vart julegåve til ein snart 4-åring.


 

Alle foto: Arne Flatin

26. desember 2013

Villsauene på Runde nr 1



Sjølvsagt måtte eg strikke jakka Villsauene på Runde- for vi har utsikt mot fugleøya Runde frå huset vårt!  (Det er den største øya du ser på "toppen" av klehengaren).   Dette prosjektet var ein fin måte å bruke opp restegarn på, i denne varianten gjekk eg for blå- og gråtonar.  Botnfargen er mørk grå Baby Merino frå Drops. 
Sauene og nøsta er strikka i diverse garn, ma totråds frå Nøstebarn, mini alpakka frå Sandnes, New Zealand og Holst.
 
 
Her ser du også Runde: 
Heile jakka er strikka på pinnar nr 3.  Eg strikka den største str, 7-8 år, men den er vel ikkje akkurat så veldig stor.  Denne vart julegåve til ein snart 6-åring. 
Alle foto: Arne Flatin

25. desember 2013

Freyja

Jakka Freyja må vere det mjukaste av det mjuke!  Gratismønster finn du her.  Eg har strikka den i plateull, eller Platu Lopi, som finst i mange fine fargar.  Garnet var ei ny oppleving- det er som sagt veldig mjukt, men også ekstremt skjørt.   Difor tok det ei stund før eg fann rette teknikken for å unngå at garnet slitna heile tida. 
På pinnar nr 4,5 i str M gjekk det ganske raskt unna.  Eg har klipt opp framme og hekla kant med fastmaskar.  I kanten tok eg inn ein tråd mohair, for å gjere den litt sterkare.  Det var vanskeleg å finne dei rette knappane til denne jakka, men eg landa til slutt på tre perlemorsknappar.  Dei er veldig lette og vil difor ikkje tyngje jakka- som berre veg litt over 300 gram.

19. desember 2013

Sjømannsvottar- igjen

Nok eit bestillingsverk- sjømannsvottar strikka i Trysil på pinnar nr 3 i mørkeblått og kvitt.
Lanternefargar på tomlane.


17. desember 2013

Raupe

Kvit og raud lue med det klingande namnet Raupe, som er tysk og betyr åme. 10-åringen står modell- meir eller mindre frivilleg.
Lua skal følgje Frejavottane som julegåve, og er difor strikka i same garn og fargar som vottane: Raud og kvit Sisu. Dette er eit tynnare garn enn det oppskrifta legg opp til (http://www.ravelry.com/patterns/library/raupe),  så eg la opp til største str. på pinnar nr 3.
Her er det lett å sjå åmemønsteret:

9. desember 2013

Freja

Dette er truleg dei vakraste vottane i verda. Freja er ei gratisoppskrift på ravelry.com: http://www.ravelry.com/patterns/library/freja
Framsida er nydeleg...
... men det er jammen meg baksida også!!!!
Eg har strikka dei i raud og naturkvit Sisu på pinnar nr 2,5.

3. desember 2013

Uglevottar

Desse fantastiske vottane er nesten for fine/tøffe/kule til å vere sanne! Dei er designa av Jorid Linvik og oppskrifta får du kjøpt her: http://www.joridweb.com/butikk/butikk.html
Eg har brukt same garn som tilrådd i oppskrifta: koksgrå og lys grå Sisu. Vottane er strikka på pinnar nr 2,5.