13. september 2009

Milo nr 4 og 5

Eg kjem stadig tilbake til favorittoppskrifta mi! To nye Milovestar er ferdige. Garnet er henta frå restelageret, og begge er i str 3 år. Den sjøgrøne er strikka i Heilo frå Dale, medan den burgunder er i Smart frå Sandnes. Begge er strikka på pinne nr 3,5, og eg brukte 150 gram garn på kvar.


5. september 2009

Isskrapevott

Framleis ei stund til vinteren kjem- men her er ein isskrapevott eg har laga. Oppskrifta fann eg i denne bloggen. Har brukt garna Tove og Fluffy og pinnar nr 4,5.

23. august 2009

Rullegenser

Då har fireåringen fått seg ny genser. Den er strikka i Classic Alpakka frå Drops, pinner nr 3,5. Har brukt oppskrift frå Nøstebarnboka- la opp i 2årsstr, strikka etter måla i 6årsstr.

Fann ikkje tre like knappar i lageret mitt, så eg drista meg til å bruke tre ulike:Genseren er mjuk og god- men fireåringen nektar førebels å prøve den.... Men eg reknar med at den blir brukt til hausten/vinteren!

2. august 2009

Toppstykke

Endeleg er Lille Topstykke ferdig! Fargen heiter lyng, så då vart det posering ved røsslyngen bak huset vårt. Mottakaren er, som vanleg, strålande fornøgd. Tunikaen er strikka i str 6 år på pinne nr 3,5 og eg brukte knapt 100 gram garn.

1. august 2009

Strikkebøker

Her er mine to siste kjøp: to strikkebøker med oppskrift på babyklede. Begge er på engelsk.
Denne har over førti oppskrifter frå 1920- til 1950åra. Mykje fint og delikat!

Dette er bok nummer 19 frå Rowan Classic. Utgitt i 2007, kjøpt på ebay. Her er det oppskrifter til både mor og barn.

21. juli 2009

Topstykke undervegs

Det har vore dårleg med oppdatering her i det siste. Årsak; ferietur og jobbstart. Men altså- eg driv stadig med handarbeid. Akkurat no strikkar eg på Lille Topstykke i str 6 år. Det er absolutt eit tolmodsarbeid, for garnet er tyyyynt. Men kjolen/tunikaen blir utruleg mjuk og god!
Garnet er også veldig drygt, eg har brukt nesten 50 gram så langt. Gler meg til å sjå det ferdige resultatet!

4. juli 2009

Klutar

Eg måtte strikke noko i bomull i sommarvarmen, og då blei det oppvaskklutar. Den turkise og den kvite er strikka i Paris frå Drops, medan den grøne og den rosa er strikka i Føn frå Gjestal. Alle er strikka på pinne nr 3,5 og eg har brukt 50 g gram på kvar klut.
Mønsteret er av enklaste sort; 3 rette og ein vrang på alle omgangane, noko som gir ein veldig fin effekt.