Eg strikka med pinnar nr 3 og følgde den minste str i oppskrifta.
Vanskeleg å få fram rette fargen...23. juni 2014
Bellakjole
Denne Bellaen vart dåpsgåve til mitt yngste tantebarn. Eg brukte Blackhill højlandsuld i ein farge eg ikkje anar namnet på. Garnet har ulike lillanyansar, og er mjukt og herleg.
19. juni 2014
Svart marius
Eg har tidlegare stort sett strikka mariusmønsteret i tradisjonelle fargar; blått, raudt og kvitt. Men eg synest denne varianten i svart, raud og kvitt også vart veldig fin.
Genseren er strikka på bestilling i Extra Fine Merino frå Drops. Eg brukte pinnar nr 3 og 3,5, og håper at det ikkje vert for mykje sig i plagget. Str XL, med ekstra lengde på bol og ermar.
Det er herleg med lyse sommarkveldar, desse bilda tok eg i 2230-tida. Men det regna heftig, så det er nokre regndropar både på linse og genser.
17. juni 2014
Uglekoloni
Okey, her er ein bunke med 8 (åtte) ugleluer. Kvifor i alle dagar har eg (meir elller mindre frivilleg) strikka desse? Vel, her er historia bak:
Dette er Inga, 5 1/2 år og snart klar for skulen. Ho gler seg til skulestart, men grur seg minst like mykje til å slutte i barnehagen. Nesten fem år saman med herlege born og vaksne går definitivt mot slutten- dette er faktisk den aller siste veka hennar som barnehagejente. Og kva har så dette med ugleluene å gjere?
Jau, Inga ville gjerne gje noko til dei andre i 5-årsklubben som takk for fine år. Då fall valet på desse artige luene, som eg har strikka nokre eksemplar av før. Klubben har seks jenter og to gutar, dermed måtte eg produsere åtte luer: to blå, tre lyserosa og tre rosa.
Luene er strikka i Nepal frå Drops, og eg brukte eitt nøste (50 gram) per lue.
Og DER var hovudpersonen lei av fotografering.
![]() |
| Utanfor barnehagen, klar til å levere luene. |
21. mai 2014
Kjolegenser
Dette vart nok meir genser enn kjole, gitt. Oppskrifta er frå Nøstebarn og du finn den gratis på nostebarn.no.
Eg har brukt ein tråd angoragarn (kvitt) og ein tråd totråds ullgarn (naturfarge) frå nettopp Nøstebarn. Pinnar nr 5, og det gjekk med vel 400 gram. Og denne kombinasjonen gav eit heilt nydeleg og mjukt resultat!
Ermane er rillestrikka. Eg plukka opp maskar på skuldrane og strikka ermane nedover.
Genseren er litt lengre bak.
17. mai 2014
Uglelue
Her vart det ei lita uglelue til......Ole Brumm......? Neidå, den joviale bjørnen stilte berre opp som modell for bursdagsgåva.
Denne oppskrifta frå ravelry.com ( http://www.ravelry.com/patterns/library/chouette) er ein stor favoritt på luefronten. Eg har brukt nesten eitt nøste Nepal frå Drops i str 1-3 år.
Ugla måtte sjølvsagt få auge!
.....og i bakgrunnen lurer - ikkje overraskande- Tarzan...
Og HER er mottakaren, verdas kjekkaste 2-åring som har bursdag på sjølvaste nasjonaldagen!!
10. mai 2014
Voldavottar (mitt forslag)
Sånn kan det gå når garnbutikken i heimkommunen set i gang vottekonkurranse midt i førjulsstria. Konkurransen gjekk ut på å komponere Volda-votten, ei utfordring eg ikkje klarte å oversjå. Mitt bidrag vart til i løpet av 2-3 desemberkveldar (medan eg eigentleg burde ha baka og vaska til jul:-).
Vottane er strikka i Sisu på pinnar nr 2,5, og passar ei lita damehand.
Hovudmotivet er kommunevåpenet, som viser ein sølvfarga pennesplitt på blå bakgrunn. "Det opplyste bondevelde" var namnet på dette forslaget, då Volda skulle få kommunevåpen for over 25 år sidan. Volda er i resten av landet mest kjend som skulestad, pga høgskulen- der eg jobbar no.
Botnmønsteret kan tolkast på fleire måtar. Kanskje er det V-ar for Volda? Eller måsar på hamna? Eller kanskje det er fiskebeinsspor i skiløypene i det flotte turterrenget i Volda?
På tomlane måtte eg gjere plass til nokre hjarte, som viser at eg er glad i kommunen eg er fødd og oppvaksen i.Vottane er strikka i Sisu på pinnar nr 2,5, og passar ei lita damehand.
Og korleis det gjekk med konkurransen? Vel, eg vann ikkje i alle fall. Det er visst kåra ein vinnar- men så vidt eg veit er resultatet enno ikkje offentleggjort.
6. mai 2014
Vendejakke
Eg er svak for det meste frå Nøstebarn- det kjem vel neppe som noka overrasking for dei som følgjer bloggen:-) Nyleg vart det lagt ut ei ny gratisoppskrift, nemleg ei babyjakke strikka i eitt stykke. Og sidan eg nettopp har vorte tante igjen, passa det bra å prøve oppskrifta.
Jakka er strikka frå framstykke til framstykke, og har ei dekorativ flette på berestykket.Eg har brukt totråds merinoull frå Nøstebarn i fargen rust, og det gjekk med ca 90 gram garn i str 3-9 mnd. På knappestolpane brukte eg pinnar nr 2,5, medan resten av jakka er strikka på pinnar nr 3.
Abonner på:
Innlegg (Atom)






































