23. august 2009

Rullegenser

Då har fireåringen fått seg ny genser. Den er strikka i Classic Alpakka frå Drops, pinner nr 3,5. Har brukt oppskrift frå Nøstebarnboka- la opp i 2årsstr, strikka etter måla i 6årsstr.

Fann ikkje tre like knappar i lageret mitt, så eg drista meg til å bruke tre ulike:Genseren er mjuk og god- men fireåringen nektar førebels å prøve den.... Men eg reknar med at den blir brukt til hausten/vinteren!

2. august 2009

Toppstykke

Endeleg er Lille Topstykke ferdig! Fargen heiter lyng, så då vart det posering ved røsslyngen bak huset vårt. Mottakaren er, som vanleg, strålande fornøgd. Tunikaen er strikka i str 6 år på pinne nr 3,5 og eg brukte knapt 100 gram garn.

1. august 2009

Strikkebøker

Her er mine to siste kjøp: to strikkebøker med oppskrift på babyklede. Begge er på engelsk.
Denne har over førti oppskrifter frå 1920- til 1950åra. Mykje fint og delikat!

Dette er bok nummer 19 frå Rowan Classic. Utgitt i 2007, kjøpt på ebay. Her er det oppskrifter til både mor og barn.