8. april 2010

Vesle oldemor

Her har eg kombinert sying og hekling. Sjølve kjolen er av grå polarfleece. Kanten er sett saman av oldemorsruter, hekla av diverse ullgarnrestar. Str 6 år.

Lilla kjole

Blod på tann? Tja, gøy å sy i alle fall! Her er ein liten kjole i lilla ullfilt frå Stoff og stil. Sjølvlaga mønster. Str 1-2 år, ca.







6. april 2010

Grøn glede

Endeleg har eg gjort noko anna enn å strikke! I dag har eg sydd denne kjolen- tidvis med ein feberheit 1,5åring på fanget...
Detalj:
Detalj (hjarte av vrangsida av stoffet):
Kjolen er sydd av ullfilt frå Stoff og stil. Mønsteret har eg laga sjølv.

4. april 2010

Oline 2

Då er Oline nummer to ferdig. Oppskrifta er henta frå birgirsdottir. Garnet heiter Lett Lopi. Pinnar nummer 4,5, str M/L.


Kjolen er god og varm- kanskje for varm for den årstida vi går inn i no. Men til vinteren skal den nok bli god å ha:-)

2. april 2010

Rett i fletta

DROPS har kome med eit nytt garn; Nepal, og det måtte eg sjølvsagt prøve! Garnet er ei blanding av ull (65 %) og alpakka (35 %). Det er mjukt og godt å strikke av- og resultatet vart denne genseren. Str ca 6 år, pinne nr 4,5. Eg har kalla den Rett i fletta: