4. desember 2014

Vanylvsvottar

- Eg skal strikke vanylvsvottar, sa eg til dama i strikkebutikken då eg like før stengetid fauk rundt og leita etter den rette grønfargen.
- Å, dei har eg aldri sett, sa ho.
- Ikkje eg heller!, sa eg.
Slik startar ofte strikkeprosjekta mine: som ein ide i hovudet mitt.  Denne hausten har eg gjennom eit mastergradsprosjekt (lang historie som eg ikkje skal ta her) fått eit nærare forhold til kommunen Vanylven her på Søre Sunnmøre.   Det har tydelegvis gjort såpass inntrykk på meg at eg fekk inspirasjon til å strikke desse vottane.
Vanylven har ca 3300 innbyggjarar, og ligg heilt sør på Sunnmøre.  Kommunen har eit stort landareal, og eitt av særprega er dei mange bygdene som utgjer små sentrum.  Namna på desse bygdene har eg strikka inn i undersida på vottane:
På venstre vott: Rovde, Åheim og Eidså. 
På høgre vott:  Syvde, Fiskå og Åram.

På oppsida har eg prøvd å lage ein versjon av kommunevåpenet, som altså er grønt og sølvfarga.  Motivet skal ifølgje Store Norske Leksikon vise en nedvendt sølv spiss dannet ved buelinjer mot en grønn bakgrunn; henspiller på Vanylvsfjorden.
Vottane er strikka i lys grå Sisu og grøn Falk. (Det var ekstremt dårleg utval i grønfargar i garnhyllene, så eg måtte matche to garnsortar.)  Eg har brukt pinnar nr 2,5 på heile votten.

1 kommentar:

  1. Utruleg fine Vanylvs-vottar! Kjenner nok eit par sjeler som lett kunne gått med desse vottane.

    SvarSlett