25. desember 2014

Nøstebarndress


Eg er heldig, for eg har mange eg kan la strikkeiveren min "gå utover"!  Denne Nøstebarndressen fekk det yngste tantebarnet i julegåve.  Dressen er strikka i dobbelt totrådsgarn frå Nøstebarn (sjølvsagt) på pinnar nr 4,5.   For ikkje å gjere det heile for sukkersøtt med to rosafargar, putta eg inn ein fin grønfarge også. 


I staden for å sy maskinssaumar for å lage knappestolpar prøvde eg såkalla steeking for første gong. Det går kort fortalt ut på å hekle fastmaskeradar på kvar side av knappestolpen før ein klipper opp. 

Strikka etter str 9-12 mnd, men strikka den lengre både her og der- så dressen enda vel opp som 12-18 mnd str, tenkjer eg.

24. desember 2014

Storesøsterkjole


- Tante, kan du strikke rosa kjole til meg? Spørsmålet frå ein av tanteungane var til å smelte av! Sjølvsagt kunne eg strikke rosa kjole til henne:-)

Kjolen er strikka i merinoull frå Drops, og mønsteret er laga av Tora Frøseth: 
http://www.torafrosethdesign.no/Kjoletilstoresoester.html

Eg følgde str 2 år og brukte pinnar nr 3,5.


20. desember 2014

Resterillegenser



Det verste med desember er det dårlege dagslyset. Difor vart det nokre smådårlege innebilde av denne rillegenseren. Genseren er strikka av ulike restar alpakkagarn, og skal passe ein 4-åring.

Eg strikka heile genseren på pinnar nr 3,5. Fargesamansettinga kan sikkert diskuterast, men genseren vart i alle fall utruleg mjuk!


6. desember 2014

Bløde, røde blade

Sjølv med ulltunika: det er ikkje så lett å halde varmen i den kalde desembervinden på Sunnmøre!
  
Denne fantastisk fine oppskrifta er ifrå boka Børnestrik på pinde 3,5 av Lene Holme Samsøe.  Den heiter Bløde blade, og kan strikkast både som genser og tunika.
Eg strikka str 8 år til 6-åringen min, og brukte nøyaktig 200 gram totrådsgarn frå Nøstebarn. Fargen er raud nr 824, og eg strikka med dobbelt garn på pinnar nummer 3,5.
Mottakaren har valt knapp själv, ho meinte denne passa väldig bra. Og det er eg samd i, gitt.
Kjolen fekk vere med på fotosession på kjøpesenteret, men det er vanskeleg å få fram rett farge både i ute- og innelys.
Skikkeleg juleraud tunika/kjole.


Brrrrrrrr!!


4. desember 2014

Vanylvsvottar

- Eg skal strikke vanylvsvottar, sa eg til dama i strikkebutikken då eg like før stengetid fauk rundt og leita etter den rette grønfargen.
- Å, dei har eg aldri sett, sa ho.
- Ikkje eg heller!, sa eg.
Slik startar ofte strikkeprosjekta mine: som ein ide i hovudet mitt.  Denne hausten har eg gjennom eit mastergradsprosjekt (lang historie som eg ikkje skal ta her) fått eit nærare forhold til kommunen Vanylven her på Søre Sunnmøre.   Det har tydelegvis gjort såpass inntrykk på meg at eg fekk inspirasjon til å strikke desse vottane.
Vanylven har ca 3300 innbyggjarar, og ligg heilt sør på Sunnmøre.  Kommunen har eit stort landareal, og eitt av særprega er dei mange bygdene som utgjer små sentrum.  Namna på desse bygdene har eg strikka inn i undersida på vottane:
På venstre vott: Rovde, Åheim og Eidså. 
På høgre vott:  Syvde, Fiskå og Åram.

På oppsida har eg prøvd å lage ein versjon av kommunevåpenet, som altså er grønt og sølvfarga.  Motivet skal ifølgje Store Norske Leksikon vise en nedvendt sølv spiss dannet ved buelinjer mot en grønn bakgrunn; henspiller på Vanylvsfjorden.
Vottane er strikka i lys grå Sisu og grøn Falk. (Det var ekstremt dårleg utval i grønfargar i garnhyllene, så eg måtte matche to garnsortar.)  Eg har brukt pinnar nr 2,5 på heile votten.