6. april 2021

Tova vottar- og eitt par tøfler

Vinter har blitt ei tid for vottestrikking for meg. Og som vanleg: mangel på dagslys gjer at det blir smått med bildetaking. Vel, til no i år har det blitt nitten vottar, alle tova. Eg har stort sett brukt Fritidsgarn, men også litt Vams og Alafosslopi. Det vart også eitt par Mariustøfler. På bildet knipsa eg ein del av produksjonen, før alt fekk nye eigarar.
Må ha med strikketøyet over alt- i tilfelle det dukkar opp nokre ledige minutt!

3 kommentarer:

  1. Så mange fine votter! Her blir det nok glade mottakere i fleng! :) Hvilken oppskrift har du brukt?

    SvarSlett
  2. Takk! Eg har brukt gratisoppskrifta frå Sandnes på mariusvottar. Du finn den her: https://www.sandnesgarn.no/tova-marius-votter-kits93

    SvarSlett