6. desember 2014

Bløde, røde blade

Sjølv med ulltunika: det er ikkje så lett å halde varmen i den kalde desembervinden på Sunnmøre!
  
Denne fantastisk fine oppskrifta er ifrå boka Børnestrik på pinde 3,5 av Lene Holme Samsøe.  Den heiter Bløde blade, og kan strikkast både som genser og tunika.
Eg strikka str 8 år til 6-åringen min, og brukte nøyaktig 200 gram totrådsgarn frå Nøstebarn. Fargen er raud nr 824, og eg strikka med dobbelt garn på pinnar nummer 3,5.
Mottakaren har valt knapp själv, ho meinte denne passa väldig bra. Og det er eg samd i, gitt.
Kjolen fekk vere med på fotosession på kjøpesenteret, men det er vanskeleg å få fram rett farge både i ute- og innelys.
Skikkeleg juleraud tunika/kjole.


Brrrrrrrr!!


4. desember 2014

Vanylvsvottar

- Eg skal strikke vanylvsvottar, sa eg til dama i strikkebutikken då eg like før stengetid fauk rundt og leita etter den rette grønfargen.
- Å, dei har eg aldri sett, sa ho.
- Ikkje eg heller!, sa eg.
Slik startar ofte strikkeprosjekta mine: som ein ide i hovudet mitt.  Denne hausten har eg gjennom eit mastergradsprosjekt (lang historie som eg ikkje skal ta her) fått eit nærare forhold til kommunen Vanylven her på Søre Sunnmøre.   Det har tydelegvis gjort såpass inntrykk på meg at eg fekk inspirasjon til å strikke desse vottane.
Vanylven har ca 3300 innbyggjarar, og ligg heilt sør på Sunnmøre.  Kommunen har eit stort landareal, og eitt av særprega er dei mange bygdene som utgjer små sentrum.  Namna på desse bygdene har eg strikka inn i undersida på vottane:
På venstre vott: Rovde, Åheim og Eidså. 
På høgre vott:  Syvde, Fiskå og Åram.

På oppsida har eg prøvd å lage ein versjon av kommunevåpenet, som altså er grønt og sølvfarga.  Motivet skal ifølgje Store Norske Leksikon vise en nedvendt sølv spiss dannet ved buelinjer mot en grønn bakgrunn; henspiller på Vanylvsfjorden.
Vottane er strikka i lys grå Sisu og grøn Falk. (Det var ekstremt dårleg utval i grønfargar i garnhyllene, så eg måtte matche to garnsortar.)  Eg har brukt pinnar nr 2,5 på heile votten.

27. november 2014

Nøkken

Nyleg kom det ut ei e-bok med votteoppskrifter, inspirert av diverse eventyr.  HER kan du lese meir.  Eitt av vottepara heiter Nøkken.
Her er min Nøkkenversjon, strikka i str 6-8 år i garnet Tumin frå Rauma.  Eg brukte pinnar nr 2,5 heile vegen.
Eg vedgår at eg ikkje følgde prikkemønsteret slavisk, men strikka ein prikk her og ein prikk der heilt vilkårleg.  Oppskrifta var elles grundig og godt forklart. 
- VARME!, var kommentaren frå modellen.



26. november 2014

Eit ærefullt oppdrag


Endeleg kan eg fortelje det: eg har strikka eit av plagga i Kofteboken!!!  Boka er eit resultat av den store koftejakta, med Liv Sandvik Jakobsen og den danske strikkeguruen Lene Holme Samsøe i spissen.  Saman med eit par hundre andre strikkarar melde eg meg i sommar til dugnad for å strikke alle plagga som skulle vere med i boka. Eg fekk tildelt denne barnejakka, som i boka har fått namnet Sommerlett.
Jakka er strikka i Rauma Inca Alpakka på pinnar nr 3. Eg brukte 2-3 varme sommarveker på prosjektet- og fann fort ut at alpakka og varme ikkje er ein god kombinasjon.  Vart ganske sveitt i hendene, gitt.
6-åringen min stod modell før eg sende jakka til Liv og Lene. Str er 6 år, men litt liten til jenta mi.
Jakka er strikka frå halsen og ned, og eg følgde mønsteret og strikka fram og tilbake. DET vil eg ikkje anbefale, for det er fire fargar på enkelte omgangar og vanskeleg å strikke jamnt. Eg trur det er betre å strikke rundt og så klippe opp til knappestolpane. 

Veldig artig å sjå jakka "mi" i boka!!


9. november 2014

Wibbly Wobbly Timey Wimey......Stuff

Ganske ofte kjem eg over strikkeoppskrifter eg berre må strikke til ein bestemt person.   Desse vottane er eit resultat av ei slik oppleving. Vottane skal gjevast til ein svoren Dr.Who-fan.  
– Dr.Who, hæ? Kven, kva..?, seier du kanskje.  Eg skal ikkje påstå at eg veit noko som helst om denne tv-serien, men frå Wikipedia har eg saksa følgjande:
Doctor Who er en britisk TV-serie produsert av BBC som handler om en mystisk tidsreisende som kaller seg selv The Doctor («Doktoren»). Doktoren reiser i tid og rom sammen med sine følgesvenner i en tidsmaskin som utvendig likner en politiboks. Serien er ifølge Guinness rekordbok den science fiction-serien som har gått lengst på TV. Den er også en viktig del av britisk populærkultur.
På vottane står det Wibbly Wobbly Timey Wimey stuff, noko som visst er eit kjent sitat frå serien.   Og den omtalte politiboksa er nok utgangspunkt for mønsteret på undersida.
Mønsteret er på engelsk og henta frå ravelry (her er lenke).  Eg strikka dei i garnet Tumi frå Rauma, som er ei blanding av alpakka og ull.  Eg brukte pinnar nr 2,5 heile vegen, og strikka vottane med magic lopp-metoden (Hatar å strikke med strømpepinnar...).
Så står det igjen å sjå om vottane "make sense" for mottakaren.
Og dette er ikkje Dr. Who, men Tarzan.  Ein kastrert hannkatt på seks år.  Alltid hjarteleg til stade når eg skal ta bilde til bloggen.

25. oktober 2014

Rilledress

Dressen har vore ferdig ei stund, men fekk knappar først i går.. (Merkeleg korleis knappar fort kan vere eit stort tiltak å få sydd i:-))  Eg har strikka dressen frå halsen og ned på pinnar nr 4 i dobbel Drops babymerino.  Og oppskrift?  Tja, eg brukte metoden "Plagget blir til medan eg strikkar."
På berestykket og nedst på ermar og føter er det rillestrikk i fargane blå, turkis og grøn.
Merinoplagg vert veldig mjuke og kløfrie, men sig noko forferdeleg etter vask. Difor må denne tørkast flatt, elles fryktar eg den får lengd som passar ein 10-åring i staden for ein 1-åring!


Litt for store knappar, kanskje..?

18. oktober 2014

Londontunika

Kanskje ikkje så mykje London over dette plagget her, men namnet har ei forklaring: eg var innom Loop Knitting-butikken i Camden Passage då eg var i London for eit par månader sidan. Der kjøpte eg tre hespar a 100 gram av garnet Ultra Alpaca frå Berroco.
Garnet har no vorte til denne tunikaen i str 6-8 år, ca.  Eg starta øvst (la opp 66 maskar) og strikka nedover til garnet var oppbrukt.   Det skulle eigentleg brukast pinnar nr 5, men eg fann berre nr 4,5- så då brukte eg det.
Tunikaen vart rett og slett herleg: mjuk og varm. 

Garnet finst i veldig mange fine fargar.  Ikkje så lett å gjengje fargane eg brukte,  men det er altså lysegrått, lilla og okergult.
(Forresten lenge sidan sist oppdatering her, det skuldast tidenes travlaste haust og lite tid til strikking. Satsar på å kome sterkare tilbake!)