25. oktober 2009

Monsterbukse

Her fekk litt av restegarnet bein å gå på! Buksa er strikka på pinne nr 3,5, og eg har brukt garn som Smart, Heilo, Peer Gynt.... Mønsteret fann eg her. Buksa er i str 4-5 år.


4. oktober 2009

Tova babyvottar

1-åringen treng sovevottar i barnehagen. Dermed vart desse til- vottar med lang vrangbrod og tova "hand". Vrangborda er strikka i Dale babyull, resten i Rauma finull.

Oppskrift:
Legg opp 52 m på pinne nr 2,5 med babyull. Strikk så langt du vil ha vrangborda. Den siste omgangen strikkar du rett og feller 22 m, dvs 30 m igjen på pinnnane.
Skift til pinnar nr 5 og finull. Set eit merke i byrjinga og etter 15 m. Auk 1 m på kvar side av merka på annankvar pinne 2 gongar. Då har du 38 m.
Eg strikka 11 cm før eg starta på fellinga: fell 1 m på kvar side av merka på kvar omgang. Når det er 6 m igjen dreg du ein tråd igjennom dei.
Tov! Eg vaska dei på 60 grader.